Kveldsmesse med skriftemål og nattverd i Seljord kyrkje


Det er fastetid

Sundag 18. februar er det ikkje messe i nokon av kyrkjene i Seljord sokn. Neste messe i soknet er sundag 25. februar kl 19,00.  Då skal det vere kveldsmesse med skriftemål og nattverd i Seljord kyrkje. 

Mange vert kan hende litt engstelege når dei høyrer/les ordet skriftemål.  Men skriftemål i denne samanhengen må ikkje forvekslast med det personlege skriftemålet som vert gjort under fire auge.  Skriftemål i gudsteneste består av at prest og kyrkjelyd ber ei skriftemålsbøn.  Alle seier så amen til denne bøna.  Deretter får alle ei handspålegging samstundes som desse orda vert lese: 

Etter vår Herre Jesu Kristi ord og føresegn tilseier eg deg nådig forlating for alle dine synder i Namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande!

Deretter vert nattverden delt ut. 

For ordens skuld:  Denne forma for skriftemål er ei gamal ordning i kyrkja vår.  Om du vil lese litt meir om dette, kan du lese side 24-25 i Helg & Høgtid nr 3 - 2021.  Der står det skrive litt om dette.

Vel møtte til kveldsmesse i fastetida, med skriftemål og nattverd.

Les meir om fastetida i kyrkja.

Tilbake