Kveldsmesse i Flatdal kyrkje


Komande sundag

Sundag 3. mars skal det vere kveldsmesse med skriftemål og nattverd i Flatdal kyrkje.

Mange vert kan hende litt engstelege når dei høyrer/les ordet skriftemål. Men skriftemål i denne samanhengen må ikkje forvekslast med det personlege skriftemålet som vert gjort under fire auge. Skriftemål i gudsteneste består av at prest og kyrkjelyd ber ei skriftemålsbøn. Alle seier så amen til denne bøna. Deretter får alle ei handspålegging samstundes som desse orda vert lese:

Etter vår Herre Jesu Kristi ord og føresegn tilseier eg deg nådig forlating for alle dine synder i Namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande!

Deretter vert nattverden delt ut.

For ordens skuld:  Denne forma for skriftemål er ei gamal ordning i kyrkja vår.  Om du vil lese litt meir om dette, kan du lese side 24-25 i Helg & Høgtid nr 3 - 2021.  Der står det skrive litt om dette.

Vel møtte til kveldsmesse med skriftemål og nattverd.

Les meir om fastetida i kyrkja.

Tilbake