Frivillig tekstlesar i kyrkjene våre


Kyrkja treng frivillige medarbeidarar

Har du lyst til å vere med på å gjere ein frivillig innsats i kyrkjene våre ?

Kyrkja treng stadig nye frivillige medarbeidarar som kan gjere ein innsats som tekstlesar på sundagsmessene.

Oppgåva inneber å lese samlingsbøna i starten av messa, og to bibeltekstar undervegs i messa. I tillegg les du kunngjeringane.

Du kan sjølv velje om du vil vere med i ein eller fleire av kyrkjene våre, og kor mange gonger i løpet av semesteret du vil vere med.

Ei messe varar til vanleg ca ein time, og du kan sjølv velje kvar for sundagar du vil vere med.

Du skal få god opplæring.

Ta kontakt med ein av oss som arbeidar i kyrkja om dette kunne vere noko for deg.

Tilbake