Årets lokale pilegrimsvandring i Seljord sokn
Seljord sokneråd og Seljord sogelag arrangerer pilegrimsvandring sundag 23. juni 2024. Me skal vandre i fotefara til Nils Olavsson Langedal (Sterke-Nils).
Me startar ved vegbommen i Langedal. Vandring herifrå til Venhaug, med stopp undervegs på stader med tilknyting til Sterke-Nils. Frå Venhaug inn i Nesmarki, vidare til Svintøksli, Neslandtjønni, Nystaul og ned til Nes på Garvikstrondi.
 |
Garden Langedal i Trollebotn – garden Sterke-Nils rydda då han gifte seg med sin store kjærleik, Anne. Stogo på biletet er av nyare dato, men staden er den same. |
Undervegs vil det bli forteljing, kveding, lesing av tekstar, allsong og slåttespel. Alle må ta med mat og drikke. Lettgått terreng – ca 5 timars vandring – gode pausar.
Desse vil vere med og gjeve turen innhald: Ragnar Haugstøl, Reidun Øverland, Torkjell Hoff, Kristoffer Hoff, Kjetil Bergheim og Dag Harald Undheim
Når me kjem fram til Nes – garden til Torkjell og Kristoffer Hoff – skal det vere messe på gardstunet. Messa byrjar kl 17,00.
Om veret tillet det, vil det vere mogeleg med feiring av Jonsokeftan på Nesstrondi. Her kan det vere mogeleg med bål og grilling, om brannvesenet gjev samtykkje.
 |
Gamlestovene på Nes vil utgjere kulissene for messa som avsluttar pilegrimsvandringa. |
Det blir felles transport frå Seljord kyrkje kl 10,00 – retur etter messa. Dei som synes løypa blir for lang, kan køyre sjølv til Langedal og Venhaug og få med seg programmet her – og så kome direkte til messa kl 17,00.