Enno ein stor konsert i Seljord kyrkje
Tysdag 29. april kl 19,00 skal Gunstein Draugedalen halde konsert i Seljord kyrkje.
Songaren, komponisten og diktaren Gunstein Draugedalen debuterte som plateartist i 1964, og har sidan gjeve ut 40 soloplater. Cd-en «Blott en dag» vart i 2007 kåra til årets beste kristne plate. Draugedalen har tonesett diktarar som Knut Hamsun, Trygve Bjerkrheim, Åse-Marie Nesse, Trygve Naper, Oddmund Haugen og Haldis Reigstad. I seinare år har Draugedalen sjølv markert seg som diktar, og vi vil denne kvelden bli kjende med både tekst og tonar frå hans hand.
Det vil vere høve til å kjøpe produkt som Draugedalen har gjeve ut.
Billettpris: kroner 200 pr stk
Førehandstinging av billettar på vipps til Seljord sokn 650484. Samstundes må du sende e-post til kjetil@seljordkyrkje.no og melde namn på den eller dei du har tinga billett til.
Billettar som ikkje er førehandsselde blir selde i døra.
Velkomen til stor konsertoppleving i Seljord kyrkje.