Pilegrimsvandring på Skarsvegen


Pilegrimsvandring på Skarsvegen


Sundag 22. juni

Vil du vere med på ei fin oppleving ?

Sundag 22. juni skal det vere pilegrimsvandring på Skarsvegen frå Svartdal til Åmotsdal.

Me byrjar på Ingermoen i Svartdal kl 10,00, og sluttar med folkemusikkmesse i Åmotsdal kyrkje kl 17,00. Undervegs blir det mykje stopp for tekstar, tonar, informasjonar og stille.

Skarsvegen er den 7 km gamle vegen som mellom anna prestane i gamle dagar nytta når dei skulle frå Seljord til Åmotsdal. Vegen er fint ivareteken, og det er mykje å sjå og oppleve undervegs. Harald Barstad og Knut Espelid vil vere med som vegvisarar.

Det er naudsynt med godt skotøy - mat og drikke.

Etter messa i Åmotsdal vil det bli arrangert skyss attende til Svartdal for dei som treng å hente bilane sine.

Det er ikkje naudsynt å melde seg på førehand.

Bileta: Den vesle stoga på det eine biletet er stogo på Sud Skaret. Det siste biletet med fleire bygningar, er Hogndalen. Frå denne plassen har nobelprisvinnaren Ernest Orlando Lawrence opphavet sitt. Biletet frå Hogndalen er teke av Bjørg Oseid Kleivi.  Det senste biletet er frå ei tidlegare vandring på Skarsvegen.

Tilbake