Maria bodskapsdag på Kjos i Åmotsdal


Søndag er det Maria bodskapsdag.

Det skal vere Maria bodskapsdag-messe i friluft på Kjos i Åmotsdal.

Kjos finn du ved å køyre gjennom Åmotsdal mot Rauland.  Ved skilti til Kvambekkheia tek du til høgre, og følger skiltinga innover.  På Kvambekk kan du parkere, og så gange på ski eller til fots den siste biten på 3 km.  Må du køyre heilt inn til Kjos, kan du gjere det.

Ta med noko å sitje på.

Messa byrjar kl 12,00.  Etterpå er det mogleg å kaupe kaffe og kakur på Kaffikroken hjå John Olav og Marit.

Biletet er frå døypefonten i Flatdal kyrkje, og syner Maria og engelen.

Tilbake