Folkemusikkmesse på Kjos i Åmotsdal


Folkemusikkmesse på Kjos i Åmotsdal


Komande sundag

Sundag, 20. juli 2025, skal det vere Folkemusikkmesse på Kjos i Åmotsdal - på kaffikroken hjå Marit og John Olav Haugetuft.

Messa byrjar kl 14,00.

Einar Øverland vil vere spelemann på messa, og det vil mellom anna vere kveding av Gisle Snarteland.  Kjetil Bergheim og Håvard Nordvik vil delta med fele og trompet. 

Det skal vere dåp av eit born på messa.

Mogleg å kaupe mat og drikke etter messa. Kan anten parkere på Kvambekk og gå den siste biten, eller køyre heilt fram til Kjos. Ta med noko å sitje på.

Messa kan med fordel kombinerast med fottur i området - før eller etter messa. Dansarsteinen er eit fint mål, som ikkje ligg for langt unna.

Kaffikrokens adresse: Sollidvegen 316, 3844 Åmotsdal.

Alle er velkomne

Biletet er frå ei tidlegare messe på Kjos.

Tilbake