Komande sundag - 14. september 2025 - er det 14. sundag i treeiningstida i kyrkja vår. Då skal det vere familiemesse på Dyrsku'n 2025.
Treeiningstida har grøn som liturgisk farge.
Messa byrjar kl 11,00. Korskulen i Bø og mannskoret Ågapet skal delta med sang på messa, og me skal gjeve eit takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Asgeir Sele vil vere liturg.
Messa skal vere i teltet som har namnet Tettpå stor. Lett å finne - nært inngangspartiet.
Vel møtt.
Biletet på denne sida syner Korskulen i Bø frå eit tidlegare års gudsteneste på Dyrsku'n.
Tekstane for dagen finn du på bibelselskapets nettsider.