Smittevernet i kyrkja


Nye smittevernreglar i kyrkja.

 

Etter regjeringa si justering av koronatiltaka i samfunnet, har kyrkja endra på sine smittevernreglar.

Slik er dei nye reglane for oss i Seljord sokn:
 

  • På ei vanleg messe - utan dåp - er me sjeldan meir enn 30 til stades i dei tre kyrkjene våre.  Då rekk det at me legg ut salmebok, program og pute på dei plassane me kan sitje.  Namn og telefonnummer vert registrert, og teke vare på av soknepresten i 14 dagar.
     
  • På messer med forventa deltaking over 30, vert den einskilde tildelt plass.  Då vert det registrert både namn, telefonnummer og sitjeplass.  Registreringa vert teke vare på av soknepresten i 14 dagar.
     

I kyrkja skal du bruke munnbind ved inngang og utgang, og når du til dømes går til nattverd.  Dersom du er trygg på at du kan halde ein meter avstand i alle retningar, kan du ta av deg munnbindet når du sitt på plassen din.

Velkomen til kyrkja i Seljord.  Biletet syner Seljord kyrkje, tatt i vintersol januar 2022.

Tilbake