Taraldmesse i Seljord


Snart tid for Taraldsmesse.

 

Det vert Taraldsmesse i Seljord 12. mars 2022.

Bergit Lisleåsheim Telnes har skrive denne meldinga:

Feiring av Taraldsdag 12.februar 2022

I moderne tid  har seljordingane markert denne dagen på ulikt vis i over 20 år. Også i år blir det feiring på brei basis.

Me samlast ved Seljord kyrkje kl.18.00. Det blir prosesjon med faklar til staden der Taraldskyrkja stod. Etter ein kort seremoni der, blir det ei kort liturgisk samling inne i Olavskyrkja.

Del 2 av arrangementet er samling på Øvre Klomset hos Mona  og Svein Kjetil. Der er me inviterte inn til kaffi og kake. Herleik Baklid frå Universitetet i Sør Aust Noreg, avdeling Bø held foredrag om Tarald. Han kjem til å ta for seg dei tre skinnbreva der Taraldsdag er brukt som datering, og særleg det brevet som er skrive på Øvre Klomset. Ragnar Haugstøl blir med og han har lova å kveda nokre viser.

På grunn av pandemien er det avgrensa med plass på Klomset. Me ser oss difor nøydde til å ha påmelding til denne delen av arrangementet. De kan melde dykk på med SMS eller ringe til Bergit Telnes sin telefon: 90 69 16 74.

Seljord sokneråd og Seljord sogelag samarbeider om dette arrangementet og ynskjer alle hjarteleg velkomne!

Vel møtt til ein fin laurdagskveld i kyrkja og på Øvre Klomset.

Biletet syner der kor inngang og altar i Taraldskyrkja sannsynlegvis har stått.

Tilbake