Kveldsmesse med skriftemål og nattverd i Seljord


Det går mot fastetid.

Som innleiing til fastetida skal det vere kveldsmesse i Seljord kyrkje onsdag 22. februar 2023 kl 19,00.  Denne dagen kallar me gjerne oskeonsdag, og han innleier fastetida.

På denne messa skal det vere skriftemål og nattverd.

Mange vert kan hende litt engstelege når dei høyrer/les ordet skriftemål.  Men skriftemål i denne samanhengen må ikkje forvekslast med det personlege skriftemålet som vert gjort under fire auge.  Skriftemål i gudsteneste består av at prest og kyrkjelyd ber ei skriftemålsbøn.  Alle seier så amen til denne bøna.  Deretter får alle ei handspålegging samstundes som desse orda vert lese: 

Etter vår Herre Jesu Kristi ord og føresegn tilseier eg deg nådig forlating for alle dine synder i Namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande!

Deretter vert nattverden delt ut. 

For ordens skuld:  Denne forma for skriftemål er ei gamal ordning i kyrkja vår.  Om du vil lese litt meir om dette, kan du lese side 24-25 i Helg & Høgtid nr 3 - 2021.  Der står det skrive litt om dette.

Vel møtte til kveldsmesse i Seljord med skriftemål og nattverd.

Les meir om fastetida i kyrkja.

Tilbake