Bøn for Ukraina


Kyrkja i Noreg ber for Ukraina.

 

På høgmessa i Seljord kyrkje 27. februar 2022, vart denne bøna nytta under forbøna for kyrkja og verda:

Heilage, treeinige Gud,
du som er kjelda til visdomen, freden og kjærleiken!
Saman med kyrkjer i heile verda kjem vi til deg og ber: verna folket i Ukraina!
Kom med di trøyst til alle dei som er redde og som er i dei krigs- og konfliktramma områda.
La dei erfare din kjærleik og fred, og gjennom det finne mot til gode gjerningar.
Til deg kjem vi med vår uro og ber om fred i Europa og verda.
Gi leiarane i verda visdom, mot og handlekraft til å avslutte krigshandlingane, redde
menneskeliv og finne fredelege løysningar.
Jesus Kristus, du som er lys for verda, kom med din fred! Amen.

Kyrkja i Seljord oppmodar alle som bur i Seljord om å hugse folket i Ukraina i bøn.

Tilbake