Kirkens Nødhjelp og Ukraina


Krisen i Ukraina aukar.

 

For å avhjelpe nauda i Ukraina har Kirkens Nødhjelp byrja ein innsamlingsaksjon.  Seljord sokneråd oppmodar alle i Seljord sokn om å vere med på dette arbeidet.  Gåver kan gjevast direkte på Vippsnummeret til Kirkens Nødhjelp - 2426.

På skriftemålsgudsteneste i Seljord kyrkje askeonsdag vart det spontant gjeve kroner 4.000,00 til dette arbeidet.  Det vil vere ofring til same føremål nokre sundagar framover.

Les meir om Kirkens Nødhjelps arbeid for Ukraina.

Biletet på denne sida tilhøyrer Hungarian Interchurch Aid, og er lånt frå Kirkens Nødhjelps nettsider. 

Tilbake