Flyktningar frå Ukraina


Me står framføre nye flyktningeutfordringar i landet vårt.

 

Krigen i Ukraina har i skrivande stund vart i tre veker. Over tre millionar menneske har flykta til eit av nabolanda.

Noreg kjem til å ta imot ei mengd flyktningar, og Seljord kommune har sagt seg villige til å busetje 50, og huse inntil 100.

Som kyrkje bør me også stille opp for våre søsken som flyktar frå eit land i Europa fordi eit naboland har gått til krig mot dei.

Eg vil oppmode dykk alle til å vera kreative og tenkje på korleis du kan møte nokre av dei som kjem til kommunen vår slik at dei kjenner seg velkomne. Raudekrossen og Frivilligsentralen er alt i gang med å koordinere dette. Kanskje du kan bli ein velkomstven som kan møte flyktningar og hjelpe dei med å finne seg til rette i Seljord? Det er sikkert bruk for nokon som kan køyre til skule/barnehage eller til butikken. Me håpar at ungane kan bli med på idrett og andre kulturarrangement, og då treng dei også nokon til å fylgje seg.

Eller kanskje du kan invitere nokon heim til eit enkelt måltid. Det er også bruk for husvære til fleire flyktningar.

Ta kontakt med Anne Marie på Frivilligsentralen dersom du kan bidra som velkomstven heller bidra som frivillig på andre måtar.

Seljord sokneråd ved
Bergit Lisleåsheim Telnes

Biletet på denne sida tilhøyrer Hungarian Interchurch Aid, og er lånt frå nettsida til Kirkens Nødhjelp.

Tilbake