Maria bodskapsdag


Komande sundag er det Maria bodskapsdag.

 

Maria bodskapsdag er ein gamal kyrkjeleg festdag. 

Opprinneleg vart dagen feira 25. mars (på dagen ni månader føre joledag).  Men ved den såkalla fesdagsreduksjonen i 1770, blei det vedteke at Danmark-Norge skulle justere ned det store talet av heilagdagar.  Maria bodskapsdag var ein av dei dagane som blei endra.  I staden for 25. mars, vart det til at dagen blei lagd til den sundagen som lå nærast 25. mars.

Mange land rundt omkring i verda held framleis på 25. mars, og feirar denne som offentleg heilagdag.  Hjå oss i Seljord skal dagen feirast med messe i Flatdal kyrkje 27. mars kl 11,00.

Les meir om Maria bodskapsdag.

Biletet er frå døypefonten i Flatdal kyrkje, og syner ei ung jente saman med ein engel.  

Tilbake