Nye og gamle medarbeidarar i Seljord sokn


Nye og gamle medarbeidarar.

 

Seljord sokneråd har gjort fleire nytilsettingar den siste tida - herunder og ein del omorganiseringar.

Petter Jakobsen skal byrje som kyrkjeverje 1. juli 2022.  Petter er i dag tilsett som dagleg leiar i Ønsket & Elsket.  Han vil fortsette i denne stillinga i 50% - samstundes som han skal vere leiande kyrkjeverje i 50%.

Noverande kyrkjeverje Jon Svartdal skal gå av med pensjon i 50% frå 1. juli 2022.  Han skal vidare vere assisteranda kyrkjeverje i 50% frå same dato, med hovudansvar for kyrkjelege bygg og eigedomar - herunder kyrkjegardane og gravferdsverksemda.

Så er det ei glede å melde at soknet har fått ny organist og ny diakon.  Den nye diakonen heiter Ingunn Liseter.  Ho er i dag tilsett som diakon i Gressvik og Onsøy menigheter i Fredrikstad.  I stillinga si her i Seljord, vil ho ha hovudansvar for diakoni, trusopplæring og konfirmasjonsundervisning.

Den nye organisten vår heiter Kjetil Bergheim.  Han skal ha 70% stilling, og vil sjølvsagt ha hovudansvaret for den musikalske delen av verksemda i Seljord sokn - knyta til gudstenester så vel som kyrkjelege handlingar.

Me ønskjer velkomen til nye medarbeidarar - og lukke til for dei to som skal inn i nye oppgåver og utfordringar.

Bileta syner Kjetil Bergheim til venstre, og Ingunn Liseter til høgre.  Biletet av Ingunn er lånt frå heimesida til Den norske kyrkja, medan biletet av Kjetil er gjeve oss av Kjetil sjølv.  

Tilbake