Folkemusikkmesse på Kultan i Åmotsdal


Sommartid i kyrkja.

 

Tradisjonen tru skal det vere messe ute i det fri i midten av juli i Åmotsdal.

I år skal me ha slik messe på Kultan.  Messa skal ha folkemusikkpreg, og Knut Buen skal vere med som spelemann.  Dessutan vil Bjørg Duve, som i dag eig Kultan, fortelje litt om gardens historikk.  

Denne messa er del av markeringa av 200 årsjubileet for Jarand Rønjom.  Etter messa blir det kulturelt program på Sneie (Eva Bull Holtes museum).  På Sneie vil det og vere høve til å kaupe både middag og kaffe og kakur.

Det kulturelle programmet vil bestå av musikk og forteljing av Knut Buen, samt innslag om Jarand Rønjom ved Lene Kleivi og Svein Vetle Trae.

Kultan har vore gjennom ei omfattande restaurering den siste tida.  Jørn Berget frå Riksantikvaren vil vere til stades og orientere om restaureringsarbeidet.

Parkering når du skal på messa blir organisert på Sneie.  Dei som eventuelt har behov for transport opp til Kultan, får tilbod om det.

Ta med stol til messa.

Biletet på denne sida syner Kultan, og er lånt frå nettsida til Riksantikvaren.

Tilbake