Soknerådet har vedteke at kyrkjene i Flatdal og Seljord skal vere opne på joleftan. Dette kjem i tilleg til at kyrkja i Åmotsdal skal vere open.
I Flatdal og Seljord vil kyrkja vere open frå kl 13:00. Har du lyst til å kome innom for å vere stille, er du velkomen til det. Du kan og tenne eit ljos om du skulle ønskje det.
I Åmotsdal er kyrkja open frå kl 11:30 - 13:00. Det vil bli orgelmusikk frå kl 12:30. Joleevangeliet vert lese ca kl 12:45, og samlinga vert avslutta med at me syng Deilig er jorden.