Taraldsmesse 2021


Det går mot Taraldsmesse i Seljord.

 

Fredag 12. februar 2021 skal det vere Taraldsmesse i Seljord.

St Tarald er ein helgen for områda Setesdal, Numedal og Seljord.  Han har 12. februar som minnedag.  Difor vert dette markert i kyrkja vår.

I gamle dagar var det ei eiga kyrkje i Seljord som var vigd til St Tarald.  Den sto ved sidan av noverande Seljord kyrkje.  Når me har Taraldsmesse, vert det halde skriftlesing og bøn i det området denne kyrkja sto.

I år skal Taraldsmesse ha ein ny vri.  Me skal byrje på Klomset kl 18,00.  På garden til Mona Helen og Svein Kjetil er det ein plass med namn Taraldshaugen.  Her skal me samlast kring bålpanne og litt program.  Parkering på gardstunet.

Etter dette vert det Taraldsmesse kl 19,00 i Seljord kyrkje.  Hvis mange kjem, vil det bli halde ei stutt messe utandørs.

Innandørs har me berre lov til å vere 10 deltakarar, utanom dei som gjer teneste i kyrkja.  Utandørs er det plass til alle.

Biletet syner staden der Taraldskyrkja mest sannsynleg sto.  Portalen er døra, medan krossen syner altarstaden.

Vel møtt.

Tilbake