Endring i smittevernreglane


Det har kome nye smittevernreglar.

 

Det er ikkje lengre naudsynt med førehandmelding til messe.

Kyrkjene våre kan no ha slikt deltakartal:

  • Seljord 35
  • Flatdal 30
  • Åmotsdal 35 
  • Manndal 21
  • Nutheim 15

Det skal framleis vere 2 meter avstand.  Dei som utgjer same kohort kan sitje saman. Alle må sitje på tilvist plass - det vil seie på sitjeplass som er markert med utlagd program/salmebok/sitjepute.

Nattverd vil framleis bli utført med smitterestriksjonar, og det same gjeld ofring.

Dei som er i kyrkja blir registrerte.  Denne registreringa vert lagra i 14 dagar.

Velkomen til kyrkja.

Tilbake