Advents- og jolehelsing til seksåringane


Soknerådet ønskjer å gje seksåringane i kyrkja ei helsing til advent/jol.

 

Alle seksåringar - saman med foreldre - er velkomne til kyrkja 29. november 2020, etter denne planen:

  • Seksåringar busett i Seljord og Flatdal er velkomne til gudsteneste i Flatdal kyrkje kl 11:00
  • Seksåringar busett i Åmotsdal er velkomne til ljosmesse i Åmotsdal kyrkje kl 17:00

Alle seksåringane får eige brev.  Av omsyn til smittevernet ønskjer me påmelding til dette arrangementet.  Påmelding til Natalia Furmankova på telefon/sms 451 96 255.  Kjenner du nokon seksåringar, så gje dei gjerne ei påminning om dette arrangementet.

NB.  Kan du ikkje kome til kyrkja denne dagen ?  Då kan du kome til Seljord kyrkje laurdag 28. november kl 11:00, eller Flatdal kyrkje kl 13:00.  Her vil du møte organist og sokneprest; me vil syngje ein jolesang, og lese joleevangeliet saman.

Biletet til høgre syner gåva som skal delast ut til seksåringane - ei aktivitetsbok som kan gje borna litt ekstra glede i ventetida fram mot jol.

Tilbake