Advents- og jolehelsing til femåringane


Soknerådet ønskjer å gje femåringane i kyrkja ei helsing til advent/jol.

 

Alle femåringar - saman med foreldre eller andre vaksne - er velkomne til kyrkja laurdag 28. november 2020, etter denne planen:

  • Femåringar busett i Seljord  er velkomne til kyrkja i Seljord kl 11:00
  • Femåringar busett i Flatdal er velkomne til kyrkja i Flatdal kl 13:00
  • Femåringar busett i Åmotsdal er velkomne til ljosmesse i Åmotsdal kyrkje søndag 29. november kl 17:00

Laurdagen vil du møte organist og sokneprest i kyrkja.  Me vil syngje ein jolesang, og lese joleevangeliet saman.

Alle femåringane får eige brev.  Av omsyn til smittevernet ønskjer me påmelding til dette arrangementet.  Påmelding til Natalia Furmankova på telefon/sms 451 96 255.  Kjenner du nokon seksåringar, så gje dei gjerne ei påminning om dette arrangementet.

NB.  Kan du ikkje kome til kyrkja denne dagen ?  Då kan du kome til gudsteneste i Flatdal kyrkje søndag 29. november kl 11:00.  

Biletet til høgre syner gåva som skal delast ut til femåringane - ei aktivitetsbok som kan gje borna litt ekstra glede i ventetida fram mot jol.

Tilbake