Salmekveld i Flatdal kyrkje


Bispevisitasen er avlyst - salmekvelden som var planlagd til Flatdal kyrkje skal gjennomførast. - men til anna tidspunkt enn opprinneleg tenkt.

 

Tysdag 17. november 2020 kl 18:00 skal me vere samla til salmekveld i Flatdal kyrkje.  Det er Landstads salmer som skal vere i fokus, og temaet skal vere Gud er nådig.

Kantor Natalia Furmankova skal ha det musikalske ansvaret.  Med seg skal ho mellom anna ha Torunn Raftevold Rue.  Bergit Lisleåsheim Telnes skal ha eit innslag om Landstads salmebok som no fyller 150 år, medan Dag Harald Undheim skal ha eit innslag om gleda som motiv i Landstads salmer.

Det skal gjerast eit opptak av salmekvelden, som seinare kan visast på lokale mediekanalar.

Maks deltakartal i kyrkja vil vere 50.

Tilbake