Ottar Kåsa på messe i Åmotsdal


Ottar Kåsa til Åmotsdal.

 

Soknerådet har vore så heldige å få Ottar Kåsa til å ta del med hardingfelespel på ei gudsteneste i Åmotsdal kyrkje sundag 13. juni kl 11.00.

Folkemusikken kjem til å prege heile gudstenesta ved at Ottar spelar ein slått som preludium og ein som postludium. Vidare vil han spele litt midt i gudstenesta, og han skal spele hardingfele til salmane denne dagen. 

Etter messa vert det ein enkle kyrkjekaffi. Viss været tillet det kan me kanskje ha det ute på kyrkjebakken.
Det vert ordna med høgtalar og litt benkar ute slik at ein kan fylgje med frå utsida av kyrkja dersom det er bra vær.  Likevel må me minne folk på å halde ein meters avstand både inne og ute.

Bergit Lisleåsheim Telnes

Biletet syner Ottar Kåsa.  I samråd med Kåsa er det lånt frå nettstaden www.snl.no.

Tilbake