Det skal snart vere fjellmesse på Kjos.
I god tradisjon vert det arrangert fjellmesse på Kaffikroken på Kjos - sundag 11. juli 2021 kl 12,00.
Stein Versto skal vere med oss. Han skal stå for det musikalske på messa. Dessutan skal han ha eit kulturelt program etter at messa er slutt.
Det vil vere moglegheit til å kjøpe kaffe og mat på Kaffikroken. Ta med stol. Vel møtt.
Biletet er frå fjellmessa i 2020, med Lars Erik Øygarden som musikar.