Vest-Telemark Soul Children


No skal det bli eit Soul Children kor i Vest Telemark.

 

Slik omtalte VTB saken for ei tid sidan:

«Vest-Telemark Soul Children startar opp

Torsdag 23. september startar Vest-Telemark Soul Children opp med øvingar i musikkrommet i Kviteseidhallen. Koret kombinerer dans, song og musikk innanfor stilartane gospel, pop, soul og R’n’B. Dei musikalske røtene ligg 20 år tilbake i tid då Oslo Soul Children blei stifta. Fleire og fleire kor som ynskjer å gjere noko av det same som Oslo Soul Children har blitt starta opp over heile landet, og no er det ikring 200 slike kor ulike plassar i Norge, og meir enn 150 kor i andre land.

Kjenner du nokon som er glad i song og musikk, og er godt i gang med mellomtrinnet eller går i ungdomsskolen, så gje dei eit tips!»

Meir info kan du få hjå organisten i Kviteseid, på telefon 93401156.

Tilbake