Den gamle døypefonten i Seljord kyrkje.
 
 
 
 Den gamle døypefonten i Seljord kyrkje har lenge stått bortgøymd på kyrkjeloftet.  No har han blitt henta fram, og står no i våpenhuset.  I sanning eit klenodium.
Bergit Lisleåsheim har skrive denne teksten til døyefonten:
Døypefont laga av bilethoggaren Olav Glosimot frå Seljord
Han var berre 23 år då han laga denne døypefonten, som står som nr 1 i lista over dei offentlege arbeida hans.  Døypefonten er laga av lønnetre i 1844.  Han var i bruk fram til restaureringa av kyrkja i 1971.
Les meir om Olav Glosimot.