Komande helg - sundag 19. februar 2023 - er det høgmesse med dåp i Åmotsdal kyrkje kl 11,00.
Det er Fastelavnssundag. Sokneprest Dag Harald Undheim er liturg, medan kantor Kjetil Bergheim skal vere organist. Takkoffer til Trusopplæringa, og kyrkjekaffi etter messa.
Etter messe og kaffi skal det vere eit kyrkjelydsmøte. Sak som skal handsamast på dette møtet: Utviding av soknerådet frå seks til åtte medlammar - samt tilsvarande utviding av talet på varamedlemmar.
Tekstane for sundagen finn du på nettsidene til Bibelselskapet.
Bilete syner tårnet på Åmotsdal kyrkje.
Vel møtt.